Om
Dei siste åra har Eva Weel Skram skapt ein kjærkomen
juletradisjon med sine stemningsfulle julekonsertar. Med ei varm blanding av
eigne låtar og kjende julefavorittar inviterer ho publikum inn i eit musikalsk
univers der både tradisjon og nyare juletonar får skinne.
Det er snart ti år sidan Eva gav ut sin første julelåt,
og sidan den gong har fleire av songane hennar funne vegen inn i den moderne
norske julekanonen. «Selmas Sang», temalåten frå NRK-serien Snøfall, vart raskt
ein publikumsfavoritt. Seinare kom «Falle til ro», skriven til Netflix-serien
Hjem til jul, som også har festa seg som ein ny juleklassikar.
Eva har òg markert seg som ein framifrå tolkar av andre
sine låtar. I hennar hender får songar som «Nå tennes tusen julelys» og
«Romjulsdrøm» nytt liv. Juleklassikaren Have Yourself a Merry Little Christmas
har dessutan fått norsk drakt som «Tid med mjuke pakkar», med ny tekst av
Trygve Skaug.
Saman med sine musikalske kumpanar skapar Eva Weel Skram
ei varm og nær juleoppleving – fylt av smittande humør, vakre melodiar og ekte
julestemning.
Velkommen til julekonsert!








