Om
Med krystallklar røyst og ei utstråling som treff midt i
hjartet, har Ingebjørg Bratland med rette vorte omtala som ein nasjonalskatt.
Vinje-bygdingen er evig knytt til udøyelege låtar som «Jul i Svingen» og «Fordi
eg elskar deg», men også låtar som «Ingen som du» og «Di Ingebjørg» er prov på
Bratland si samlande musikalske kraft på tvers av generasjonar. Når Ingebjørg
Bratland står åleine på scena, oppstår det noko heilt eige.
Det siste året har Ingebjørg vore høgaktuell på fleire
frontar. Fyrsteplass på Spotify med låta «Baby, du er rå!», saman med Hagle,
samstundes som ho kvar veke sjarmere nasjonen som mentor i TV 2-suksessen The
Voice, for å nemne noko.
Etter fleire år med ei rekordlang rekkje utselde
konsertar saman med Odd Nordstoga, startar no eit nytt musikalsk kapittel for
Bratland. Denne kvelden får publikum oppleve Bratland på sitt aller beste, med
både kjende og nye songar, historieforteljing og ei formidlingsevne som fyller
heile rommet.
Vi lovar ein kveld du seint vil gløyme, med ein av
landets aller dyktigaste formidlarar i sentrum.








