Om
INSOMNIA - ei konsertforestilling om det å ikkje få sova.
Med: Ida Løvli Hidle (akkordeon), Ingvill Holter (sopran) og Marita Kjetland Rabben (piano).
Forfattar/skodespelar Marianne Meløy har skrive tekster til forestillinga.
SØVN er noko alle har til felles. Svært mange komponistar og forfattarar har skildra ulike aspekt ved det å ikkje få sova. I konsertforestillinga Insomnia har me sett saman tekster og musikkstykke med søvnlausheit som tema – frå ulike tidsperioder – som utgangspunkt for ei underfundig, humoristisk, mørk og vakker konsertforestilling.
Publikum vert tekne med med gjennom ei søvnlaus natt; på en vandring i nattas ulike fasar og sinnstilstandar. Me spelar hypnotiserande og hysteriske voggeviser, og stille songar frå dødsleiet.
Musikk av Bach, Britten, Berio, Sjostakovitsj, Mussorgskij, Øverli, Grieg, Ratkje m.fl – alt arrangert for vår besetning.
Pris fra
| Billettype | Billettavgift |
|---|---|
| Medlem | NOK 200,00 billetter |
| Voksen | NOK 300,00 billetter |
Med forbehold om prisendringer.








