Om
Odd Nordstoga er ein av sin generasjons aller største
låtskrivarar. Songane hans har heilt sidan gjennombrotet i 2004 krope inn i folks hjarte og blitt der.
Han er songpoet og spelemann. Han får oss til å danse og han får oss til å
gråte. Med vemodet i eine handa og musikkgleda i den andre lagar Nordstoga
songar som rører ved livet me lever. Slik skal god musikk vera.
Det er aldri tvil om at denne mannen lever for møtet med
publikum. Difor er det heller ikkje rart at folk over heile landet har teke han
til seg – i høgtid som i fest. Ein konsert med Odd Nordstoga kjennest som ei
vitamininnsprøyting, anten han står åleine, med fullt band, i lag med gjester,
eller lyfta av strykarar.
Odd er blitt ein nasjonal leverandør av musikk med varig
kraft, og når han dreg ut på vegen, har han både gamle skattar og nye songar
med seg i skreppa.
No er han aktuell med ny, strålande musikk. Og i samband
med eit rykande ferskt album som kom i haust, tek han med seg sitt glimrande
band og vitjar Drammens Teater 29. januar.








